24.08.2008

Draumen om fred




Det er ikkje noko poeng i å draume. Ikkje no. Det er for seint til det, ho innser det. Det er for seint å tenkje på eit liv utan einsemd, eit liv slik det var før. Dystre tankar om tomme rom og gamle songar fyller hodet hennar. Og det er dette som er korta dei har fått. Ikkje noko å gjere noko med no. Kaffen kokar, ho skjenkar seg ein kopp og ser ut av vindauget. Fingrar med røykpakka som ligg på bordet. Ein halv pakke Marlbro light er alt ho har igjen. Ho byrjar å lage ordspel inni hodet for å fylle opp dei tomme romma. Kaffe, laffe, latte, katte, kasse, kiste, miste… Ho kastar kaffekoppen i hjørnet med kjøleskapet og ser på korleis porselenet knuser, først ein sprekk, så ein til, som eit spindelvev som breier seg utover før det fell fra kvarandre i små skår. Den brune kaffen som renner ut gjennom sprekkane og farar fram som ein foss når koppen går i oppløysing. Det er nett som om ho ser det i sakte film, og ho bli sittende lenge etterpå bare sjå på den mørke flekken på golvet. Og porselenskårane som ligg her og der, dei har samme farge som skjelettbeina du ser på museum, dei gamle beina, dei som har vore der ein stund, dei ingen tørker støv av meir.

Ho kviler andletet i hendene og lukker auga. Eit pust inn, eit pust ut, ro deg ner jente. Etter ei stund reiser ho seg og rydder opp restene etter kaffekoppen og tørker opp den brune flekken. Det er framleis ei svak farge igjen på flisene. Hvis han var her ville han kjøpt nye fliser. Eller kanskje noko som kunne bleika flekken bort. Han likte ting reint. Men han er ikkje her. Så ho sitt seg ner igjen på bordet foran vindauget og ser ut. Og ho ser og ser til verden blir innpakka i ein slags tjukk tåke og ho ikkje trenger å sjå meir. Så ho lukker auga. Men det er der framleis på innsida. Ein blå himmel, myke store skyer, ein kaffekopp og ein grav.

Dusjen er varm og beroligande. Øyrene fylles av lyden av vann som treffer ho, ho trenger ikkje høyre noko anna. Bare lyden av vann. Be the rock. Det var ein gong ho ville ledd av seg sjølv for å tenkje som ein tibetansk munk på magic mushrooms, men no får det bare ein kald ro til å spreie seg gjennom kroppen hennar. Vær steinen. For ein stein kan ikkje føle, ein stein kan ikkje vere einsam, for ein stein er alltid aleine. Etter at ho er ferdig å tørke seg står ho naken foran speilet og ser på kroppen sin. Det store arret som begynner på magen og går ned til midt på venstre lår. Stort og raudt. Dei gamle gule blåmerkene på halsen, som eit grufullt halsband som lenker ho til han. Ho kler på seg og går ut på altanen. Tenner seg ein sigarett. Ho røyker ferdig, pakker bagen sin, eit par sko og ein t-skjorte, eit glass jordbærsyltetøy, lighteren og sigarettene, og forlater leiligheten.

Dei ville komme og leite etter ho. Dei visste kor ho var no, ho måtte jo ringje når det skjedde. Og ho kunne ikkje la dei finne ho, ho kunne ikkje dra tilbake. Men kor langt kjem du eigentleg med en halv pakke Marlbro light og eit glass jordbærsyltetøy?

Det var ikkje trygt å gå ute. Ho måtte skynde seg. Det var folk som skaut deg om du blei for lenge på det som var regnet for nokon sitt område. Og ho hadde ingen planar om å bli skoten. På veien går ho forbi flere grupper. Ho passer seg for å ikkje se direkte på dei, og tviholder på bagen. På eit folketomt hjørne stoppar ho og tar opp sigarettene og putter dei i lomma. Ein halv pakke Marlbro light.

Ho kjem fram, hiver bagen i et hjørne og setter seg ned midt på golvet. Klumpen i halsen veks seg større og ho tenkjer på alle tingene dei snakka om før, alle planane dei la. Dei skulle komme seg vekk, han skulle skjule ho, dei skulle få seg jobbar, og ho skulle gå på skulen. Sammen så skulle dei bygge et liv, og dei skulle aldri finne ho, dei skulle aldri få såre ho meir. Det skulle vere dei to mot verden. Han sa at ho så ut som Norma Jean før ho blei Marilyn Monroe. Han sa mykje rart. Det går i trappen, ho holder pusten og blir heilt, heilt stille. Skrittene stopper, ho reiser seg roleg og stiller seg bak døra. Døra går opp, nokon går inn i rommet, stopper litt og går bort i hjørnet. Ho høyrer dei løfte opp bagen. Glidelåsen åpnes. Skrittene går ut av rommet og ut på trappeavsatsen. Personen forsvinn. Ho står framleis heilt stille. Ho er kald, men ikkje ein fysisk kulde. Ho er redd.

Mellom dei grå husa, forbi gruppene som snur seg og ser etter ho, ho løper og løper, ser seg ikkje tilbake. Kor skal ho gå? Kva skal ho gjere? Dei fant ho. Han lovte at dei aldri ville finne ho igjen. Dei ville sende ho tilbake der. Dei visste ikkje, og dei ville ikkje vite. Det var ikkje ein heim, det var ein slagmark. Og ho var den sivile som gjekk på ein mine. Blodflekker på lakenet, blåmerker ho skjulte, men aldri ble bedt om å forklare uansett. Unntatt han, han hadde spurt ho, nesten sint, kva det var som gjekk føre seg. Men no var han borte, eit offer for den andre krigen, den verkelege krigen. Mellom dei som egentlig var så like, den som foregikk på gatehjørner i eit lite område i ein stor by kor ho var aleine, kor ho var ein fremmed.

Ho har løpt tre kvartalar no. Men ho veit ikkje kor ho er. Alt er ukjend. Bygningane er framleis grå og dekket av grafitti, men det er ingen folk her meir. Ho byrjer å skjelve. Kvifor er det ingen folk her? Ho kjenner ho er sulten. Ho har ikkje spist på to dager, ho har ingen penger. Kvifor er det ingen folk? Det er bare å gå videre. Gå fort, ikkje sjå på nokon, ikkje sjå på nokon, sjå rett fram, hold hodet høyt. Pust rolig. These boots are made for walkin’. Ho syng til seg sjølv, men lavt. Ho prøver å sjå sterk ut, men ho tror ikkje nokon vil la seg lure. Ein avmagra liten jente, uten noko med seg, bare klærne ho har på seg og ein halv pakke Marlbro light i lommen. Men ho prøver likevel. Kva anna kan ho gjere?

Ho vil ikkje tenkje direkte på det. Vil ikkje si det rett ut, ikkje engong til seg sjølv. Men det var det han prøvde å få ho til å gjere. Det er eineste måten du kan få fred sa han. Ho blei misbrukt. Ho møtte han, og han fikk ho til å snakke. Den fyrste som nokon gong verka som om han brydde seg nok til å fortelle ho når ho var dum. Og ho fortalte han alt. Og dei rømte saman. Ho hadde rømt før, men då hadde dei funne ho og sendt ho tilbake. Men no var dei to, og han var myndig, dei hadde en sjanse. Trodde ho. Men sjølv om dei kom bort så var det meir ondskap i den verden dei rømde til. Gatekrigar, gjengar, storbyen sine mareritt. Og han vart fanget. Dei trengde å leve sa han. Og dette var ein måte. Det ville ikkje vere for alltid. Men til slutt så kom dei for å hente han. Ho prøvde å stoppe dei. Og etterpå lå ho der i ein blodpøl, og han lå der i sin eigen blodpøl, og han sa farvel. Ho ringde politiet, men så måtte ho rømme. Ho kunne ikkje dra tilbake. Og ho kunne ikkje dra på sjukehus. Og no visste dei kor ho var. Og dei kom for å hente ho. Freden ho hadde i ein kort stund er knust no, knust og borte. Og alt ho har igjen etter han er ein halv pakke Marlbro light.

Ho fortsetter å gå mens ho tenkjer. Det er kveld, og fortsatt ingen folk. Ho finner seg ein døråpning i eit forlatt hus og leggjer seg ned. Det er kaldt, men det er ingenting å gjere noko med. I feel like a newborn, my skin is dead, my skin is theirs.

I ein mørk gate i eit mørkt kvartal i ein stor by ligger det ei lita jente. Ho synger seg sjøl i søvn. Ho er ingen, ho er aleine med ein halv pakke Marlbro light.

Ingen kommentarer: